Tur frå Husnes til Mjelkhaug med fantastisk utsikt. Her ligg og Mjelkhaugsteinen - ein enorm stein som har vore nytta som seglingsmerke i alle tider.
Kontaktinformasjon
Om
Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og gå vidare til nytt sti-dele høgare oppe der ein tek til høgre på sti merkt Mjelkhaug. Etter kvart bratt opp Hellandslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp mot Mjelkhaug. Utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest. Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord. Ulvanosa mot aust.
Start og sluttpunkt
Husnes Vassverk, 300 meter nord for rundkøyringa på Helland.
Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.
Gradering
Raud.
Høgdeskilnad
25 – 1005 moh.
Tidsbruk
4 timar t/r.
Gode råd
Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synleg frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. Alternativ retur kan vera ned over Svaneheia til Vardhaugselet, og om Nordfjell attende til parkeringsplassen. Sjå også ruter frå Valen, bruk fantasien for å leggja opp rundturar.
- Lengde i km 10,8 km
- Fargegradert turmerking
- Krevende
- Fjell
- Liten sti
- Nære sjø/hav
- Høst
- Mai - oktober
- Sommer
- Vår
- 5 timer