Tursti til Bremstølen

Sentrumsnær tur på Husnes med flott utsikt over Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, Stord og Sveio.

Om

Parker ved Husnes Vassverk, ca. 300 meter nord for rundkøyringa på Helland. Her er det informasjonstavle. Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og følg merkt sti gjennom skogsområde til Bremstølsvatnet. Stien oppover har uvanleg god kvalitet etter mykje dugnadsarbeid utført gjennom fleire år.

Bremstølsvatnet er ein fin idyll med god utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, og Stord. Frå vatnet kan ein gå lengre turar oppover og innover i fjellet. 

Parkering, start- og sluttpunkt:

Husnes Vassverk, 300 meter nord for rundkøyringa på Helland.



Merking

Informasjonstavle ved start.

T-merka og skilta.



Gradering

Blå. 



Høgdeskilnad

40 – 460 moh.



Tidsbruk

2 timar t/r.



Gode råd

Nokre våte parti, bruk høvelege sko. Elva er drikkevasskjelde, vis omsyn.

Frå Bremstølen kan ein følgja rutenettet vidare til Sundstølsvatnet, Svartavatnet, Manen og Englafjell. Sjå også ruter frå Herøysundet og Uskedalen. Bruk fantasien for å leggja opp varierte turar og vær førebudd. 

Avstand
Gradering
Natur og terreng
Sesong
Spesial
Varighet

Kart