Husnes Camping
Triveleg camping i hjarta av Husnes
BookingKontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside
Om
Husnes Camping ligg fint til rett ved Opsangervatnet i sentrum av Husnes. Frå campingplassen kan du gå ein grusa tursti langs Opsangervatnet, med flott utsikt mot Husnesfjella. Bademoglegheiter langs vatnet rett nedanfor campingen.
Totalt har campingen 10 hytter, 6 store og 4 små. Dei store hyttene har to soverom med fire sengeplassar, medan dei små hyttene har eitt soverom med "familiekøye" (tre sengeplassar). Alle hyttene har eigne bad med dusj, toalett og håndvask. I kjøkkenkroken finn du kjøleskap, to kokeplater, vask og kaffitraktar.
I tillegg har campingplassen oppstillingsplass til bubil og campingvogn, samt teltplassar.