Tursti til Svelgabreen

Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjell- og vassdragsnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg, før vi etter kvart møter den majestetiske isveggen. Gjennom store breportar fløymer vatnet ut, til nytte for eit energikrevjande storsamfunn.

Om

Før du byrjar på fotturen ventar ein biltur som er ein oppleving i seg sjølv. Bilvegen er ein anleggsveg med fast dekke. Det er Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) som har stått for utbygging av Blådalsvassdraget. Vær merksam på at bilvegen til tider er svært smal, og fram til 2029 er det mykje anleggstrafikk på vegen i samband med kraftutbygging. Bubilar og andre høge køyretøy vil ikkje kunne køyre heilt til parkeringa for denne turen. 

Turomtale:

Stien går bratt opp lia frå P-plassen, før den tek ned og innover langs Blåelva. Sjå alternativ under ”Gode råd” nedanfor. Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjell- og vassdragsnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg, før vi etter kvart møter den majestetiske isveggen. Gjennom store breportar fløymer vatnet ut, til nytte for eit energikrevjande storsamfunn.



For å gå inn på breen må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei vandring i berga langs breen og elva. Her er mange flotte is- og bergformasjonar, og ikkje minst naturen sine gode lydar. Hold god avstand til breen - den kan plutselig knekke av og det er farleg å ferdast tett på den. 

Det er ikkje telefondekning på turen. 

Store delar av turen går på svaberg som kan bli særs glatte i kaldt vær eller i regnvær. 

Tidleg i sesongen (juni) kan bilvegen til parkeringa vera stengt grunna snø. Det same kan skje på hausten. Juli og august er dei beste månadane for å gå denne turen. 

Start- og sluttpunkt
P-plass 150 m før vegenden i Blådalen. Frå Rv 48 køyr opp Omvikdalen og følg skilting 25 km til P-plass 150 m før vegenden
ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. P-skilt er oppsett.

Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka med vardar og skilt.

Gradering
Raud. 

Høgdeskilnad
720 - 900 moh.
Turen har lite høgdeskilnad frå P-plassen til sluttvarden, men er noko varierande opp og ned undervegs.

Tidsbruk
6 timar t/r.

Gode råd
Ved overløp frå Møsevatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved Møsevassdammen. Sikringshytta i Kjerringbotnen er alltid open. Hengebrua ved Svelgen kan vera luftig for dei som reserverer seg ved høgder.

Avstand
Gradering
Natur og terreng
Sesong
Varighet

Kart