Velkommen til Eidfjord og opplevingar du vil hugse. Anten du vil ha rolege, aktive eller spennande dagar - her finn du natur, kultur og eit rikt mangfald.
Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.
Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.
Dynafit Hardangerjøkulen Ultra er eit løp på 95 km som vil ta pusten frå deg. Start og målgang er ved Liseth Pensjonat & Hyttetun like ved Vøringsfossen i Eidfjord.
Kvemmadokkje Husmannsplass feirar 20 år som kulturarrangør! I samarbeid med Voss Sparebank er det ei stor glede å få presentera årets hovudgjest til sommarens kulturkveld i Kvemmadokkje: Den folkekjære artisten ODD NORDSTOGA med band kjem og spelar for oss i tunet! Dette vert ein høgdare i husmannhistoria! Håpar å sjå både kjente fjes og nye i publikum -kom og feir i lag med oss! Fleire artistar er i kjømda
Frå Eidfjord til Gaustatoppen på 12 timar!
Turgleder på Nord-Europas største høgfjellsplatå. Opplev storslått natur og eit rikt dyre - og planteliv ved veg eller i villmark.
Hausten i Eidfjord og på Hardangervidda er ei vakker tid. Dette er i grunn den finaste tida for fotturar på Hardangervidda, som viser seg fram i sine finaste fargar, før snøen kjem og skisesongen startar.
Haustferien i Eidfjord og på Hardangervidda byr på storslått natur og fargerike landskap. Her kan du nyte flotte fotturar før vinteren kjem med snø og skispor.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for barnefamiliar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den godt vaksne.
Mest populære "Insta spots" i Eidfjord