Velkommen til Eidfjord og opplevingar du vil hugse. Anten du vil ha rolege, aktive eller spennande dagar - her finn du natur, kultur og eit rikt mangfald.
Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.
Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.
Det vert bruktmarknad laurdag 11. april kl 11 – 14 på Elvatun. Over 20 private utstillarar frå Ulvik og omland sel klede, antikvitetar, leiker, interiør og handverk m.m.
Forfattar og journalist Eva Røyrane kjem til Haugesenteret for å fortelja om boka Naustlandet. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har Røyrane reist langs heile norskekysten for å undersøkja korleis det står til med nausta våre i dag.
Mellom Flammar og Fjord, Hardanger er heitare enn du trur! les meir på https://www.hardangerbadstovefestival.no/
Turgleder på Nord-Europas største høgfjellsplatå. Opplev storslått natur og eit rikt dyre - og planteliv ved veg eller i villmark.
Hausten i Eidfjord og på Hardangervidda er ei vakker tid. Dette er i grunn den finaste tida for fotturar på Hardangervidda, som viser seg fram i sine finaste fargar, før snøen kjem og skisesongen startar.
Haustferien i Eidfjord og på Hardangervidda byr på storslått natur og fargerike landskap. Her kan du nyte flotte fotturar før vinteren kjem med snø og skispor.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for barnefamiliar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den godt vaksne.
Mest populære "Insta spots" i Eidfjord