Tursti til Hattebergsdalen
Tur i eit vakkert og frodig dalføre som passar for alle.
Kontaktinformasjon
Om
Enkel fottur på grusveg innover den frodige Hattebergsdalen. Her får du nærkontakt med elvar, frodige lier og høge fjell. Turen passar for alle, frå dei yngste til dei eldste, med barnevogn og rullestol. Om du er førebudd kan turen forlengast ved å gå oppover i fjellet mot til dømes Skeisfjell eller Malmangernuten.
Hattebergsdalen er eitt av fire landskapsvernområde i Folgefonna Nasjonalpark og dalføret er ein vitkig innfalsport til nasjonalparken. I turomtalen på ut.no finn du generelle reglar for ferdsel i verneområder. I tillegg kan du lese meir om Hattebergsdalen her.
Start- og sluttpunkt
Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen. Kjør forbi Baroniet til parkeringsplass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen. Det er skilta til Fossberg rett etter Baroniet sin store parkeringsplass.
Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.
2 km grusveg utan merking.
Gradering
Grøn, eigna for rullestol.
Høgdeskilnad
150 – 190 moh.
Tidsbruk
1 time t/r.
- Lengde i km 4,6 km
- Fargegradert turmerking
- Lett
- Grus
- Kulturlandskap
- Total stigning 180 m
- Hele året
- Høst
- Sommer
- Vinter
- Vår
- 2 timer