Hattebergfossen
Grusa tursti i vakkert kulturlandskap
Om
Haust/Vinter 2026-2027: Grunna eit ras langs stien i oktober 2026 vil delar av stien vera stengt på ubestemt tid. Det er berre den delen av stien som går opp langs fossen som er stengt. Det er altså mogleg å gå til fossen og sjå den framifrå på nedsida, eller gå ovanfor fossen frå Fossberg. Ta kontakt med turistinformasjonen for spørsmål eller oppdateringar.
Flott grusa tursti rundt Hattebergfossen tek deg rundt i det vakre kulturlandskapet som omkransar Baroniet Rosendal.
Du kjem tett på fossen, og turen har mange fine stadar for fotostopp undervegs.